Etter to år som kokkelærling på Hurtigruten blei Eline kalla inn i forsvaret. Eline var heldig som fekk tenestegjere med yrket sitt. Ho ser tilbake på et spanande år med nye erfaringar.

– Eg er veldig glad eg hamna her. Eg liker meg godt på sjøen. Og så synest eg det er koseleg å vere på ein liten båt, for då kjem vi mykje tettare på kvarandre.

Ei lærerik tid i byssa

KNM «Måløy» har vore på forskjellige øvingar i løpet av tenestetida til Eline. Siste oppdrag var øvinga Flotex 22.

Om bord har Eline ei viktig rolle. Som kokk er det ho som sørger for at maten kjem på bordet, og at mannskapet er fornøgd med smaken.

Under øvingar forlèt Eline byssa og er ein del av sanitetslaget. Der hjelper ho til med blant anna samband.

– Det er jo litt stress når du er i byssa og lager mat, så blir det ei øving midt i matlaginga. Då er det berre å ta alt av platene og skynde seg opp på posten sin. Alle i byssa er jo på sanitetslaget, og derfor kan måltidene ofte bli litt utsette.

Som vernepliktig kokk får ein mykje ansvar. Eline har hatt mange timar åleine i byssa med ansvar for kveldsmat og nattmat.

Ho opplever tida i byssa som lærerik og hyggeleg.

Eline fortel at ho har mange gode minne frå byssa, og ofte spelar dei musikk. Spesielt no i juletider er det mykje julemusikk, det er viktig med god stemning.

For at alle skal bli fornøgde set kokkane seg ned ein gang iblant og skriv ned menyen. Då kan alle bestemme litt kva dei skal lage, då får dei også innspel frå mannskapet.

– No har eg vore kokk litt forskjellige plassar, og her har eg mykje meir fridom og kan lage det eg vil. Eg er veldig glad i å lære nye ting. Det er veldig flinke kokkar her, seier ho med et smil om munnen.

Ein meny som gleder mannskapet

Det er viktig med nokre høgdepunkt i veka, til tider kan det komme kanelsnurrar eller bollar og kakao til kveldsmat. Då blir mannskapet fornøgd.

Eline fortel om rutinar dei har; blant anna på tysdagar og torsdagar serverer dei fisk, heimelaga pizza til lunsj kvar fredag og alltid dessert på søndagar.

– Eg er veldig glad i å lage pizza, men eg er kanskje litt lei sidan vi lagar pizza kvar fredag. Men eg synest det er veldig gøy og den pizzaen vi lagar her er veldig god, seier Eline.

Etter førstegongstenesta sit ein igjen med mykje erfaring og opplevingar ein ikkje vil gløyme. Det er eit lærerikt år med nye utfordringar. Ein lærer mykje om seg sjølv og veks mykje på eit år i militæret.

Det er så mange forskjellige moglegheiter som ein kan ta med seg vidare i livet.

– Eg har nesten lært for mykje, berre i byssa så har eg blitt betre på å lage mat. Eg har fått tilbakemelding på at eg utvikla meg veldig mykje i byssa, det er veldig kjekt. Og i rekrutten lærte eg kor viktig det er med samarbeid og det å ta i et tak for fellesskapet.

Eline si siste veke på KNM «Måløy»

16. desember dimitterte Eline og hennar tid på KNM «Måløy» var komen til endes. Ho avslutta året med et såkalla dimmebad, der ho hoppa av båten.

Eline er veldig fornøgd med året og fortel at ho vil jobbe vidare som kokk på sjøen i framtida. Ho ser ikkje bort frå å kanskje ende opp i Sjøforsvaret igjen.

– Det beste med å vere på KNM «Måløy» er det gode samhaldet vi har på båten, både med meinige og tilsette. Og alt vi har fått lært og fått vere med på. Segltur langs norskekysten, skyteveke, feltøvingar og så vidare. Det er veldig stilig å kunne bidra med det eg har og samtidig få lære mykje.

De siste vekene på sjøen prøvde Eline å skape julestemning i meinig opphald, vernepliktige si stove. Ho starta dagen ved å sette på julekalender på tv-en og julemusikk i byssa. Og på kvelden etter at ho var ferdig i byssa klokka ti, då blei det julefilm for alle som ville bli med.

– Eg er veldig glad i jul og gler meg til å komme meg heim til Fure og bruke tid med familien, seier Eline.