Eli-Anne tok til tårene

Her får Eli Anne Dvergsdal melding om at ho får Furorestipend på 50 000 kroner. – Eg skjønte ingenting, smiler 23-åringen som vann dagens "Førde Opp" i utklassingsstil.

Her får Eli Anne Dvergsdal melding om at ho får Furorestipend på 50 000 kroner. – Eg skjønte ingenting, smiler 23-åringen som vann dagens "Førde Opp" i utklassingsstil. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Nesten 80.000 kroner på ein halvtime

DEL

Eli Anne Dvergsdal (23) hadde ein økonomisk innbringande laurdag i Førde. Først vann ho «Førde Opp» og sikra seg 12.500 kroner i førstepremie. Deretter vann ho 15.000 som vinnar samanlagt i norgescupen, før ho utan forvarsel måtte opp på scena på Rådhusplassen for å motta 50.000 kroner i Furore-stipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Tok til tårene

– Det var kort og godt litt for mykje for meg dette, og tårene berre pressa seg på, seier jølsterjenta overfor Firda etter at premieutdelinga er over.

– No får eg betre sjansar til å gjere det arbeidet som må til for at eg skal bli betre. Det går mykje pengar til denne satsinga, og difor er eg veldig, veldig glad for å få denne støtten, seier Jølster-jenta som representerer bergensklubben Gular.

Satsar på motbakke

– Eg var kontakt av den tidlegare langdistanse-profilen Arne Risa etter Bergen Marathon, og deretter har eg stått i Gular. Han er også trenaren til Marius Vedvik. Faktisk har eg aldri representert Jølster i friidrett, smiler den suverene vinnaren av årets «Førde Opp».

– No har eg drive med litt forskjellige idrettar, men eg kjem nok til å spesialisere meg meir og meir inn på motbakkeløping. Og eg kjem til å reise tilbake til Sogn og Fjordane så ofte som mogleg for å konkurrere. For eg trivst veldig godt her, smiler 23-åringen som til dagleg er fysioterapeut i Bergen.

– Og etter at eg sprang inn til andreplass i EM tidlegare i sommar, så trur eg det skal vere mogleg å ta steget heilt opp på toppen av sigerspallen. Kanskje til og med bli best i heile verda, seier Dvergsdal.

Heilt suveren

Under «Førde Opp» i dag var ho i tet i kvinneklassa frå start til mål, og var over minuttet betre enn Anita Håkenstad Evertsen som i mange år har vore den store motbakkeprofilen på kvinnesida i Norge.

Totalt deltok 1696 i årets «Førde Opp», noko som er fem deltakarar mindre enn rekordåret 2012.