Gå til sidens hovedinnhold

Elevar skal massetestast etter påske

Etter påske skal studentar og elevar i utsette kommunar koronatestast systematisk kvar veke, fortel NRK.

Noreg har dei siste månadene sikra seg fleire millionar hurtigtestar. Dei vil mellom anna bli brukte på elevar og studentar, der smitten òg er høgast.

Helsedirektør Espen Nakstad seier til NRK at det er viktig å finne smitteførande barn og ungdommar før dei rekk å smitte medelevane og medstudentane sine.

– Då blir det lettare å halde skulane opne utan stadig smittespreiing og karantene. Det vil òg bidra til å redusere smittenivået i samfunnet fordi ein samtidig får smittesporet i familiane til elevane, seier han.

Helsedirektoratet ser òg på andre måtar å teste på i tida framover.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken