Elevar plukka 3000 kilo plast på strendene: – Dei blir overraska over kor enormt mykje det ligg

SKJERMFRITT HAV: Sunnfjord Folkehøgskule plukka plast på øyane ved Florø. På ei strand fann Karen Sessels ein PC-skjerm.

SKJERMFRITT HAV: Sunnfjord Folkehøgskule plukka plast på øyane ved Florø. På ei strand fann Karen Sessels ein PC-skjerm. Foto:

Sunnfjord folkehøgskule har vore på tokt med treskuta Loyal. Ei av oppgåvene var å plukke plast frå strendene. Dei oppdaga raskt at det var nødvendig.

DEL

– Dei blir overraska over kor enormt mykje det ligg langs strendene.

Det seier lærar på Sunnfjord folkehøgskule, Are Gunnar Korsvoll.

Førre veke var 20 elevar frå skulen på reise med treskuta Loyal av Florø. Turen gjekk hovudsakleg kring øyane utanfor kystbyen.

– Viss ein byrjar å dra i taurestar og plast, så merkar ein at det ligg ting lag på lag langt nedover i jorda. Det er ting som har lagt der i årevis. Dessverre får ein berre teke det som er synleg, seier Korsvoll.

Fisketau, flasker og frysar

Læraren seier det dei fann mest av, var plastflasker og taurestar frå fiskeindustrien.

– Men vi fann også sko, kjøleskåp og ein frysar. Vi fann til og med ein gammal PC frå nittitalet som låg på ei strand, seier han.

Strandrydding og plastplukking er noko som folkehøgskulen prøvar å gjere kvart år. Det nye av året er at dei sette av ei heil veke til dette.

Korsvoll reknar med at dei plukka om lag 3 tonn med plast i løpet av turen.

– Det var ein veldig god innsats av elevane. Det er ikkje berre gøy å plukke og grise med søppel, seier han.

Turen kom i stand etter invitasjon frå Friluftsrådet.

Alle måltid og overnattingar var gjort på skuta.

– Vi brukte sikkert åtte timar kvar dag på dette, men det vart jo litt tid til andre ting også. Vi var med på krabbefisking og garnsetting, vi gjekk på Store Batalden og såg solnedgangen frå Kinn. Generelt sett var det jo kjekt å sitte på skuta også.

Heldigvis hadde dei godt vêr på turen.

– Mykje læring i å sjå det på kort hald

– Dei får nokre aha-opplevingar på ein slik tur. Det blir noko annleis enn å berre sjå det på TV. Eg synest det er viktig at dei får med seg dette. Det er mykje læring i å sjå det på kort hald. Men, generelt synest eg 19–20 åringane no er meir flinke og bevisste på dette med naturvern, enn kanskje vi som er 40 pluss er. Dei er svært oppegåande, seier Korsvoll.


MITT SKIP ER LASTA MED: 3000 kilo plast plukka elevane med seg.

MITT SKIP ER LASTA MED: 3000 kilo plast plukka elevane med seg. Foto:

PÅ DEKK: Det vart tid til andre oppgåver enn berre å plukke plast, då elevane var på tokt med skuta "Loyal". Vårinn Kvinesland og Frøydis Ørjasæter skrubbar dekk.

PÅ DEKK: Det vart tid til andre oppgåver enn berre å plukke plast, då elevane var på tokt med skuta "Loyal". Vårinn Kvinesland og Frøydis Ørjasæter skrubbar dekk. Foto:


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken