Eldreomsorga i Sunnfjord treng ei krisepakke

Ja eldreomsorga generelt treng ei krisepakke, men eldreomsorga i Sunnfjord treng ein spesiell pakke for å få tenestene opp på eit nivå som er i samsvar med nasjonale standardar og pleiefaktor, skriv Dagunn Klakegg.

Ja eldreomsorga generelt treng ei krisepakke, men eldreomsorga i Sunnfjord treng ein spesiell pakke for å få tenestene opp på eit nivå som er i samsvar med nasjonale standardar og pleiefaktor, skriv Dagunn Klakegg. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Vi var vel mange som hadde vona, at ved ei omorganisering skulle vi få betre og meir målretta tenester og at fleire skulle kunne nyta godt av dei. Men slik gjekk det ikkje.

I budsjettforslaget for 2021 vart det dokumentert at det er behov for 10.5 nye årsverk innan institusjonstenester og rehabiliteringsamt 7. 5 nye årsverk innan heimetenestene. Dette behovet er opparbeidd over tid, då omsorgstenestene har vore sterkt underbudsjetterte både i 2019 og 2020. Dette har resultert i stort overforbruk og i tillegg har Fylkesmannen vore inne i bildet på grunn av uforsvarlege pleieforhold.

Det var interessant å høyre på debatten i bystyret, der politikarane, som før samanslåinga hadde brukt pengar, «som fulle sjømenn» på idretts- og fleirbrukshallar, sa seg godt nøgde med at omsorgssektoren no hadde fått eit løft, utan tanke på at vedtaket ikkje ein gong dekker tidlegare overforbruk. Og at det framleis manglar 7 til 8 årsverk på at dei hjelpetrengande kan få ei forsvarleg omsorg.

I 2021 er det planlagt ei ny rehabiliteringsgruppe på Skei, utan at det er funne plass til ein einaste ny fysioterapistilling på budsjettet. Det er vanskeleg å forstå korleis dette kan gjennomførast.

Men dette er ein situasjon som all statistikk, om alderssamansetting ibefolkningen, har fortalt oss at vi ville vere i i 2020/21 og Eldrerådet har teke det opp gjentekne gonger, men det er ingen som har høyrt på dei. Ja vi eldre er ei svak gruppe, vi har ikkje mange pressmidlar og mange kan heller ikkje tale for for seg sjølv.

Difor vart eg glad for kronikken i Firda 18.12.20 der representantar for Utviklingssenter for sjukeheim og hjemmetjenester i Sogn og Fjordane og Senter for omsorgsforsking Vest hevdar at «Eldreomsorgen trenger ein krisepakke» Dei hevdar at den sentrale helseforvaltninga i stor grad er retta mot spesialhelsetenesten og at det må forskes meir på kvaliteten på tenestene i kommunane. Dette er bl.a. vorte meir synleg under koronaepidemien der 58 prosent av dei 238 første som døde av covid-19, døydde på sjukeheim.

Ja eldreomsorga generelt treng ei krisepakke, men eldreomsorga i Sunnfjord treng ein spesiell pakke for å få tenestene opp på eit nivå som er i samsvar med nasjonale standardar og pleiefaktor.

Tidlegare har også Norsk sjukepleiarforbund sagt frå om at den økonomiske ramma for 2020–2024 ikkje er i samsvar med behovet. Grunnbemanninga har i fleire år vore for låg til å kunne dekke den nasjonalt anbefalte pleiefaktor og det har vore for lite sjukepleiarar og for få fysioterapeutar.

Politikarane prøvde under årets debatt å «sukre» budsjettvedtaket ved å antyde ein opptrappings plan. Men kva hjelper det dei elste eldre om situasjonen kanskje kan bli betre om 4–5 år, då lever ikkje dei lenger.

Dei treng hjelp no!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken