Gå til sidens hovedinnhold

Eldre ektepar redda etter 18 timar i fjellet

Vest Politidistrikt rykka ut klokka 21.00 mandag kveld for å hjelpe eit eldre ektepar som hadde gått seg ville på Vikafjellet.

Dei skulle gå frå Bjergane til Rappen, men blei overraska av snø, og fann ikkje fram. Dei ringde sjølv til politiet som sette i gang ein redningsaksjon.

Tysdag morgon melder politiet at ekteparet blir følgde til ei hytte der dei kan varme seg før dei blir frakta ned frå fjellet.

Dei er uskadde, men slitne og kalde. Ekteparet er mellom 70 og 80 år og tyske statsborgarar. Politiet seier dei snakkar godt norsk og var lette å kommunisere med.