Gå til sidens hovedinnhold

Eldre, den store risikogruppa

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Sjukeheimsbuarar og heimebuande i aldersgruppa 80+ er vel dei mest sårbare for koronavirus og eg ser i lokalavisa at
kommunen prøver å legge forholda til rette for dei som eventuelt blir sjuke og det er bra.

Men vi som er i den gruppa ønskjer oss og nokre tiltak av meir førebyggande art. Vi er klar over at det beste vi kan gjere er å halde oss heime, og det prøver vi, men det er ikkje alltid like lett.

Vi treng mat og medisinar og andre livsviktige ting og det er ikkje alle som har familie eller naboar som kan stille opp,
dessutan likar vi ikkje å vere til bry, så vi vil gjerne betale for nødvendige tenester. Våre ønskje er difor:

1. Organisert handleteneste: Vi vil difor be Sunnfjord kommune organisere ei handleteneste, gjerne i samarbeid med lokale butikkar og med apoteket.

2. Naudnummer for praktisk bistand: Når vi ikkje kan/bør forlate huset p.g.a. smittefare/andre handikap, vil det truleg oppstå situasjonar der ein treng både praktiske råd og bistand.

3. Resursmangel i omsorgstenesta: Omsorgstenesta i Sunnfjord kommune har lenge vore på sparebluss, og med koronaviruset hengande over seg vil dette bli betydeleg verre. Det er difor eg med glede har registrert at kommunedirektøren har opna opp for at permitterte kommunetilsette kan omplasserast til omsorg.

Eg har og med glede registrert den flotte gåva frå Sparbankstiftinga Sogn og Fjordane, der dei gjev 400.000 til iPadar for
bruk i eldreheimane i, slik at dei gamle kan ha kontakt med familien.

Dette er enkle tiltak som truleg vil kunne stanse smitte blant eldre. Vere kostnadseffektive for kommunen, og stanse den uverdige diskusjonen om aldersprioritering ved sjukdom

Kommentarer til denne saken