Gå til sidens hovedinnhold

Ekstremvêret Gyda landet over: Stengde vegar og fleire evakueringar

Ekstremvêret Gyda har skapt problem natt til torsdag. E39 er stengd to stader i Heim kommune, og to stader i Møre og Romsdal er bebuarar evakuerte.

Eit jordras gjer at 16 bustader er evakuerte på Sjøholt i Ålesund kommune.

– Det har gått eit jordras i/ved eit byggjefelt på Sjøholt. Ingen personskadar. 16 hus er evakuerte i området mens ein ventar på geologiske undersøkingar, melder operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.

NTB får opplyst at det er registrert 37 personar busette i dei aktuelle husa, men politiet trur at talet på evakuerte er ein del lågare enn dette.

Overfor Sunnmørsposten trur innsatsleiar Per Ivar Hovden at skredet er 5–6 meter breitt.

Elv i Eresfjord skapar trøbbel

I Eresfjord i Molde kommune står Dokkelva i fare for å fløyme over, og 44 personar er evakuerte frå bustadene sine.

– Det blir fortløpande vurdert om det er behov for ytterlegare evakueringar og kor lenge evakueringa skal vare, skriv operasjonssentralen.

Ordførar Torgeir Dahl (H) opplyser til NRK at Dokkelva har stige med over éin meter sidan klokka 19 onsdag kveld.

– Vi trur at elva vil fløyme over, sa han rett etter midnatt.

Stengde vegar

E39 er natt til torsdag stengt ved Vasslivatnet i Heim kommune i Trøndelag på grunn av ras. Flaum stengjer òg vegen mellom Vinjeøra og Stormyra, opplyser Vegtrafikksentralen midt.

I Gjemnes kommune er fylkesveg 6114 stengde på grunn av overvatn. I Volda er fylkesveg 5890 stengde mellom Åmelfot og Innselset på grunn av mykje vatn i vegbanen. Og i Verdal er fylkesveg 6900 stengde ved Skjækerfossen på grunn av flaum.

Skademeldingane kjem

Så langt har Gjensidige Forsikring fått inn nærare 30 skademeldingar i samband Gyda. Tala er oppdaterte klokka 22 onsdag kveld.

– Fleire av kundane våre har allereie merka dei store nedbørsmengdene og snøsmeltinga. Den vanlegaste førespurnaden er kundar som har fått kjellaren fylt med vatn, tilbakeslag frå avløpsnettet og lekkasjar via utette tak og vegger, seier kommunikasjonssjef Pål Rune Eklo.

Ifølgje selskapet er beløpet for gjennomsnittsskaden for denne typen hendingar mellom 50.000 og 100.000 kroner, men ein innreidd kjellar kan koste opp mot ein halv million kroner å reparere.

Atmosfærisk elv

Enorme regnmengder, storm, kjempebølgjer, mildvêr og såpeglatte vegar er ingrediensane i kva Gyda har å by på. Ekstremvêret har forklaringa si i ei såkalla atmosfærisk elv.

– Det er store lokale variasjonar. Torsdag vil bli den mest intense dagen, seier regionsjef i Terje Thuset i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NRK.

– Flaumane heng litt etter. Flaumtoppen kan komme natt til fredag, seier han.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken