Straumselskapet Wattn skriv på sine heimesider at ein kan forvente eit prishopp på straum for dei som bur i prisområde 3.

Dette området har lenge vore heldig med svært låge spotprisar, men mellom klokka 17 og 22 laurdag vil dette auke ein del.

På det høgste vil spotprisen vere på 307 øre kilowatt. Tibber melder også om same prisauke.

Wattn forklarar at årsaka til prishoppet er fordi det er restriksjonar i overføring av straum mellom nord og sør i Sverige. Dette vil vare til 20. august.

Samstundes er det meldt lite vind i Nord-Sverige, noko som gjer at Midt-Sverige vil kople seg på Midt-Norge. Det gjer at prisane stig. Dette kan skje medan restriksjonen føregår.

Dette er spotprisen for kundane til Wattn, laurdag 13. august:

Kl. 00–01 – 11,47 øre/kWh
Kl. 01–02 – 8,53 øre/kWh
Kl. 02–03 – 7,84 øre/kWh
Kl. 03–04 – 6,12 øre/kWh
Kl. 04–05 – 6,13 øre/kWh
Kl. 05–06 – 6,11 øre/kWh
Kl. 06–07 – 6,09 øre/kWh
Kl. 07–08 – 7,16 øre/kWh
Kl. 08–09 – 5,65 øre/kWh
Kl. 09–10 – 6,38 øre/kWh
Kl. 10–11 – 6,66 øre/kWh
Kl. 11–12 – 6,38 øre/kWh
Kl. 12–13 – 6,06 øre/kWh
Kl. 13–14 – 6,04 øre/kWh
Kl. 14–15 – 6,25 øre/kWh
Kl. 15–16 – 7,79 øre/kWh
Kl. 16–17 – 15,72 øre/kWh
Kl. 17–18 – 185,36 øre/kWh
Kl. 18–19 – 307,02 øre/kWh
Kl. 19–20 – 307,07 øre/kWh
Kl. 20–21 – 307,06 øre/kWh
Kl. 21–22 – 141,32 øre/kWh
Kl. 22–23 – 39,61 øre/kWh
Kl. 23–24 – 13,60 øre/kWh