Ekspertgruppe skal vurdere om elevar kan vende tilbake til skulen

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Av

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal fremje forslag til vidare tiltak i barnehagar og skular under koronakrisa.

DEL

Forslaga skal kunne inngå som ein del av avgjerdsgrunnlaget til regjeringa for vidare tiltak under den pågåande viruspandemien.

– Målet mitt er at vi kan opne skular og barnehagar så raskt som mogleg så lenge smittevernhensynet tilseier det. Vi vil vurdere moglegheitene for at nokon eller alle born og unge kan gå på skule, samtidig som smittevernet blir ivareteke. Difor er det viktig med eit kunnskapsgrunnlag som kan fortelje oss meir presist korleis dette kan gjerast, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Rapporten blir overlevert Helsedirektoratet fredag 3. april og blir presentert i eit møte hos direktoratet same dag klokka 14 .

Ekspertgruppa blir leia av Hege Nilssen som er direktør i Utdanningsdirektoratet.

Andre medlemmer er direktør Mari Trommald i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og overlege Margrethe Greve-Isdahl i Folkehelseinstituttet, medan avdelingsdirektør Ellen Margrethe Carlsen i Helsedirektoratet er observatør.

(©NPK)

Artikkeltags