Eivind slo kretsrekord frå 1979

NY REKORD: Eivind Øygard sette ny kretsrekord på 3000 meter sist helg.

NY REKORD: Eivind Øygard sette ny kretsrekord på 3000 meter sist helg. Foto:

Fleire sunnfjordingar fekk gode resultat på 3000 meter i helga.

DEL

Eivind Øygard frå Jølster IL slo den 41 år gamle kretsrekorden på 3000 meter sist laurdag. Den nye rekorden er på 8.06.19 og vart sett under Arne Rusa Classic-stemnet på Fana stadion. Den gamle rekorden var det Svein Førde som sette tilbake i 1979. Den var på 8.13.1.

Øygard var ikkje den einaste sunnfjordingen som gjorde det godt i stemnet i helga. Marius Vedvik frå Førde vann 3000-meteren på tida 7.56.94. Han spring for Gular IL.

Vedvik var godt nøgd med løpet sitt.

– Eg er veldig nøgd med ein opptur etter Perseløpet for to veker sidan. Dette var eit topp ti baneløp eg har gjort dei siste fem åra med tanke på disponering og kvalitet. Forma har eigentleg vore stabil sidan i februar, så det var godt å få vist det på bana, seier Vedvik til kondis.no.

Eli Anne Dvergsdal vart nummer tre i kvinneklassen. Ho er opphavleg frå Jølster, men spring no for Gneist IL. Ho kom i mål på 9.46.1, 14.8 sekund bak vinnaren Ine Bakken frå Gular.




Artikkeltags