Gå til sidens hovedinnhold

Eitt nytt smittetilfelle

Heile 322 koronaprøvar vart analyserte onsdag. Av desse vart det funnen éin positiv prøve.

Det syner Helse Førde sin prøvesvarsrapport torsdag morgon. Prøvene er frå dagen før, og den positive prøven stammar frå Kinn kommune, ifølge rapporten.

Før dette smittetilfellet hadde Helse Førde sitt område lagt bak seg fire døgn utan registeret smitte. På desse fire dagane var 553 personar testa utan at ein fann smitte.

Ifølge Helse Førde sin rapport er det også framleis null innlagde pasientar ved Førde sentralsjukehus med koronasmitte.

Helseføretaket understrekar at kommunen der smitten er registrert ikkje nødvendigvis er kommunen bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommentarer til denne saken