Gå til sidens hovedinnhold

Eitt nytt smittetilfelle stadfesta

Torsdag vart det analysert 184 koronaprøver, ein av dei kom tilbake som positiv. Dette melder Helse Førde på sine heimesider.

Den positive prøven er teken i Luster kommune, men det betyr ikkje av vedkommande bur eller er folkeregistrert i kommunen.

Denne veka har helseføretaket analysert 782 koronaprøver. Sju av dei har vore positive.

Dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men ei liste over dei prøvane som dei sjølv analyserer.