Gå til sidens hovedinnhold

Eitt nytt smittetilfelle i Sunnfjord

Onsdag analyserte Helse Førde 202 prøver. Av desse var det éi prøve som gav utslag for covid-19.

Prøvetakingskommunen er Sunnfjord. Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei vil sende koronaprøvene. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område, men berre resultat frå dei prøvene som blir analysert ved Førde sentralsjukehus.

Kommentarer til denne saken