Eitt nytt helsepersonell i Helse Førde er påvist koronasmitta

To tilsette i Helse Førde har no fått påvist koronasmitte.

DEL

Kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal, bekreftar at det no er to tilsette i Helse Førde som er påvist smitta av koronaviruset.

Desse er då to av 3000 tilsette, står det på Helse Førde sine sider.

59 tilsette skal no vere i karantene.

Leiar for smittevern i Helse Førde, Kari Furevik, opplyser at den tilsette ikkje har hatt pasientkontakt. Det er tre andre tre kollegaer som no er i karantene grunna smittetilfellet.

– Vi har køyrt heilt vanleg smittesporing på personen, slik vi gjer med alle, og meiner vi har funne smittekjelda, seier Furevik.

Personen skal ha tilknyting til ein annan person i Sunnfjord kommune som også er påvist smitta.


Artikkeltags