Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Denne hausten og førjulstida har vore ei annleis og noko lei tid for bygdefolket i Haukedalen. Den sjuårige barneskulen på Frøysland vart tidlegare i år nedlagd. Skuleborna vert i staden no kvar dag køyrde ut or bygda over Rørvikfjellet til skulen i grannebygda Holsen.
Den nye skuleskyssordninga som no er gjennomført, er eit trist tidsskifte for bygda som står att med eit flott, stort – og tomt skulehus, utan leikande og glade skuleungar lenger.
Flytting av skuleborna til Holsen allereie denne hausten var heller ikkje i samsvar med det som tidlegare vart lova bygda. Lovnaden dei fekk då saka sist var oppe til drøfting, var nemleg at skulen på Frøysland førebels skulle få halda fram til 2024, for så å taka avgjerda opp til ny vurdering. Men her har tydelegvis økonomi i storkommunen vege tyngre enn omsynet til bygda og skuleborna i Haukedalen.
I over hundre år har Haukedalen hatt eige skulehus på Frøysland. Det fyrste skulehuset vart bygd i 1915 – den gongen for ein todelt skule som bygda hadde fram til 1963. Eit nytt stort løft vart så teke for bygda i 1998 att. Skulehuset vart då bygd ut med høve til sjudelt skule. Det var sjølvsagt ei stor og gledeleg hending for bygda, og haukedølane såg rimelegvis no lyst på framtida si. I det nye skulebygget fekk dei og ein stor aktivitets- og møtesal der bygda kunne samlast til festsamkome o.l. med 180 gjester til bords.
Men so kom den nye storkommunen som bygda vart med i. Og no står det flotte skulehuset utan elevane sine, som ei dagleg påminning om det smertefulle tapet bygda har lidd med saknet av ein høgt verdsett kunnskaps- og lærdomsstad, som dei til alle tider har sett den største pris på og hegna om på beste vis. På ein slik stad veks og den gode samkjensla fram mellom elevane, skulen og heimbygda deira, til beste for framtid og vokster i bygda.
Det er trist når eit godt og tradisjonsrikt skulemiljø som det dei har hatt i Haukedalen i alle år, no er borte og aldri kjem att. Ei lita sak for kommunen, eit stort tap for bygda.

Forelder reagerer på nedlegging: Skuldar kommunen for manglande satsing

Vevring skule fekk eitt år ekstra: – No må vi jobbe endå meir for skulen vår