Gå til sidens hovedinnhold

Eit reisefølge testa positivt på koronavirus etter tur til Stryn

Det opplyser Stryn kommune på heimesida si.

Eit reisefølge frå Bergen testa alle positivt på koronavirus etter tur til Stryn. Reisefølget hadde leigd leilegheit, og gjekk på fjellturar i området.

– Utanom fjellturar var dei innom Stryn Gastrobar torsdag 15. juli. Fredag var dei på restaurant Hoven, og tok Skyliften ned. Dei gjekk via Ferrata opp til Hoven, skriv kommunen.

Stryn kommune skriv på heimesida si at definerte nærkontaktar blir testa, og besøkande som registrerte seg på dei same serveringsstadane som reisefølget var, har fått SMS med beskjed om at dei kan ha blitt utsett for smitte.

Vidare skriv kommunen at det er ingenting som tyder på at reisefølget vart smitta i Stryn.

Les også

Slik ligg kommunane an med vaksineringa

Les også

Det siste smittetilfellet: Alle nærkontaktane har fått prøvesvara

Les også

Smitte ved Nordea Direct i Førde – tilsette i karantene

Kommentarer til denne saken