Eit pauli ord

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Kommunestyret i Sunnfjord skal denne veka vedta ei innsparing for budsjettet 2020 på godt og vel 12 millionar kroner. Utdanningsforbundet er samde i at innsparinga må gjerast for å skape handlingsrom i økonomien. Problemstillinga er kva ein skal prioritere.

Blant dei innsparingstiltaka som ligg føre i 2020 er det mellom anna to og ei halv lærarstilling, prisauke i SFO, bemanningsendring i SFO og eit stort nedtak i barnehagesektoren. Ingen av desse tiltaka er dramatiske, men alle svekkjer tenestetilbodet på sitt vis.

Utdanningsforbundet hadde eit framlegg om å ta ned ei leiarstilling i administrasjonen som no er vakant. Vi meiner slike organisatoriske grep på rådhuset må gjerast i lys av den økonomiske situasjonen i Sunnfjord kommune. Administrasjonen forkasta framlegget.

Stian Jakobsen

Stian Jakobsen Foto:

Dersom administrasjonen hadde følgt Utdanningsforbundet sitt råd ville vi nådd ca. 5 prosent av innsparingskravet for 2020, ved å la stillinga stå vakant. Dersom ein seinare finn ut at det ikkje er naudsynt å tilsette i den, vil stillinga kunne dekke inn om lag 3 prosent av det totale innsparingskravet på 40 millionar.

3 og 5 prosent høyrest kanskje lite ut. Til samanlikning så er det om lag det vi vil få i netto innsparing viss Sunnfjord kommune vedtek nedlegging av ein liten skule, noko som kan bli resultatet av den totale innsparingsprosessen fram til 2024. Då kan vi spørje kva desse lokalsamfunna meiner desse tre prosentane betyr?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken