Eit naust og ein låve har brent til grunnen i Aurland

UNDREDAL: Brannen tok laust i Undredal natt til fredag.

UNDREDAL: Brannen tok laust i Undredal natt til fredag. Foto:

Politiet melde klokka 03.21 at dei rykte ut til eit naust som brann i Undredal i Aurland. Klokka 05.14 hadde både naustet og ein låve brent ned. Det er tett mellom bygga i området, og det var fare for at brannen skulle spreie seg.

DEL

Det var i Undredal i Aurland kommune at politiet fekk melding om at det brann i eit naust natt til fredag. Både politi, brannvesen og ambulanse rykka ut. På veg til staden spreidde brannen seg til ein nærliggande låve, eit uthus og to båtar på land. Politiet melder at det er tett trehusbygg i området og at det var fare for at brannen kunne spreie seg til andre bygningar.

– Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen, men naustet og låven brann til grunnen. Uthuset og båtane fekk store skadar, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

INGEN VART EVAKUERTE: Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til bebudde hus. Difor var ingen evakuerte.

INGEN VART EVAKUERTE: Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til bebudde hus. Difor var ingen evakuerte. Foto:

Ingen skadde

Ingen personar er meldt sakna eller skada, og det skal ikkje ha vore fare for at brannen skulle spreie seg til hus det bur folk i. Difor vart heller ingen evakuerte.

Brannårsaka er ukjend. Politiet er framleis på staden for å drive ettersløkking, og det vil bli gjort åstadundersøking når brannen er heilt sløkt. Politiet gjer avhøyr av vitnar.

Naboar kom til

Sigbjørn Skarsmo som bur i området seier til NRK Vestland at alle naboane kom til og prøvde å slokke brannen med hageslangar. Det kunne vorte dramatisk. Eigaren hadde brannsensor i naustet slik at han raskt vart varsla om brannen, fortel Hallerakel til NRK.

Artikkeltags