Eit minne frå min barndoms dal. Slik feira vi den første 17. mai etter frigjeringa

TOGET TEK PAUSE: På Vassenden i Hestadgrend i Viksdalen 17. mai 1945. Toget er klar for tilbaketuren til skulehuset, men først var det fotografering. Ingen er sikre på kven fotografen var. Artikkelforfatter Gunnar Hage står bak t.v. for guten i den lyse jakka (Gudmund Horsevik).

TOGET TEK PAUSE: På Vassenden i Hestadgrend i Viksdalen 17. mai 1945. Toget er klar for tilbaketuren til skulehuset, men først var det fotografering. Ingen er sikre på kven fotografen var. Artikkelforfatter Gunnar Hage står bak t.v. for guten i den lyse jakka (Gudmund Horsevik). Foto:

Av

Gunnar Hage var ti år gammal 17. mai 1945. Her fortel han om korleis den første nasjonaldagen etter frigjeringa vart feira i Hestadgrend.

DEL

Frå lesarane 

Høgtideleg start på dagen. Vi vakna til orgelmusikk. Fedrelandssongane tona høgt og friskt: Ja, vi elsker, Fagert er landet, Gud signe vårt dyre fedreland.

Mor var nemleg organist i den lokale kyrkja og ein rimeleg god songar.

Så var det frukost. Stovebordet var pynta med kvit duk, vase med friskt bjørkelauv, to nypussa messingflaggstenger med nystrokne norske flagg.

Antrekk: Knebukse og bluse

Maten, ja, det var nok vanleg «krigsmat». Kvitt mjøl fanst ikkje, og sukker var mangelvare. Men kva gjorde vel det ein slik dag.

Gudsteneste var det ikkje. For langt til Vikskyrkja, så det vart Hognestad si 17. mai-preike frå huspostillen.

Om preika var lang, så vart ventetida det òg.

Men omsider var det tid for å pynte seg for dagen. Antrekk: Knebukse – omsydd av ei gammal dressbukse, bluse (som vi kalla det), strikkejakke, heimestrikka knesokkar og kvite tøysko, kjøpte på butikken hans «Albert i Sonda» på skorasjoneringskortet.

Flagg hadde vi om dei enn var noko falma etter lang lagring. 17. mai-sløyfer var det smått med. Men eg hadde ein rosett med nasjonalfargane festa med noko vi kalla mainåler.

Brudgomsdress og tollekniv

Klokka to om ettermiddagen samlast bygda i skulehuset. Heile grenda møttest, sjølvsagt. Ho Johanna i si svarte kåpe frå før 1. verdskrig og svart klut på hovudet.

Mennene i brudgomsdressane som var velbrukte, men likevel det beste dei hadde. Ein hadde til og med tollekniven på baken. Det høyrde liksom til. Kanskje skulle noko vølast, og då var det greitt å ha reiskap.

Mødrene med ungeflokken så godt pynta som det let seg gjere. Dei fleste med flagg. Sigurd, Edvard og Martin, av dei vaksne ungdommane i bygda, stilte med store 17. mai-sløyfer, kvar dei no hadde fått dei frå?

Læraren talte, sjølvsagt

Det første var oppstilling til toget. Fremst eit stort flagg på ein skikkeleg kornstaur. Dei vaksne ungdommane bar flagget. Det var ei stor ære!

Så kom skuleungane, for slik skulle det vere. Vi starta friskt med song og hurrarop. Men då vi kom i ut i Kirkelia, var det meste gjort. Det vart travelt, og ruta var lang.

Vi skulle gå heilt ned på Vassenden, over fire kilometer. Men det var det verdt, for det var jo fred.

Pausen på Vassenden var kjærkommen. Vêret var fint og graset var tørt, så det var berre å slå seg ned. Men dagen skulle markerast! Her var det på sin plass med tale for flagget, av læraren, sjølvsagt hadde eg nær sagt.

Vegen heim att vart rimeleg lang både for store og små. Det var nok både første og siste gongen at 17. mai-toget der i grenda gjekk bortimot éi mil.

– Gjet om vi grua oss

Tilbake i skulehuset: Det var pynta med bjørk ute og inne. Det store flagget på kornstauren, fekk sin plass ute ved trappa. Tavla i skulestova var dekorert for dagen av storskulejentene. Fargekrita var brukt med omhug og flid. Skulestova var stappfull. Innmed veggene sat dei i to høgder. Her var det ikkje tanke på brannføreskrifter.

Så var det tale for dagen. Lærarane i nabokrinsar gjorde byteoppdrag for kvarandre i slike høve. Ei avveksling å høyre andre fortelje det vi alle kunne. Soga frå vikingtid til siste krig og frigjering. Vikingane var fæle, men vi var nok litt stolte òg. Harald Hårfagre, Harald Hardråde. Gangerolf, Olav Trygvason, den 400-årige natta, 1814, unionsoppløysinga og dagen i dag. Alt var med.

Mot slutten av talen merka vi ungane etter kvart sommarfuglar i magen. Då skulle vi i elden. I all hast hadde vi øvd inn eit såkalla «opptrinn». Det var soga på nytt i tekst og tonarsong. Gjet om vi grua oss! Vi visste vi vart samanlikna og diskuterte. Kven gjorde det best? Har forresten lurt på kvar dei fekk desse opptrinna frå.

Men så kunne vi slappe av!

Vaksne damer i full sprang

Då vart det ein tur innom eldhuset. Der var Fina og Rakel. Dei hadde ansvaret for rømmegrauten. Raude i fjeset, med store kvite forkle og kvite klutar på håret. Får dei feitt denne gongen? Det var det store spørsmålet. Om ikkje, var det ei skam!

Maten var nok eit av dei store høgdepunkta. For oss ungane var det brusen. Raud Hansa, Perle og Bruse med patentkork.

Og så var det endeleg uteaktivitetar. Då kom alle ut.

Leikane stod for tur. Først var det 60 m på brua. Det var kjekt. Då var dei vaksne med. Dei sosiale leikane styrte dei vaksne ungdommane, d.v.s. jentene og damene. Uvant, men spennande. Kjenner de uttrykket dòsefòk? Her vart det demonstrert. Vaksne damer i fullt sprang i vide bunadsstakkar.

Det var: Siste par ut, Slå på ringen, Tyven, Tyven, Else kor er du? (Ny leik frå Byn).

Veve vadmål med turar. På den siste trekte vi gutane oss unna. Det var vanskeleg og litt skammeleg å gå desse turane med dei vaksne jentene.

Dei vaksne karane prøvde seg meir på karsstykke. Trekke krok, hoppe høgde. Kosten på skulen tente som list.

Fyrverkeri for første gong

Kvelden kom etter kvart, og vi som var ungar, måtte følgje foreldra heim. Vi sa nok at vi slett ikkje var trøytte, men vart ikkje høyrde. Eigentleg var vi det.

Men ei stor oppleving fekk vi med oss før det var slutt. Noko som sit fast i minnet. Ein av naboane til skulen hadde på eit eller anna vis fått tak i ein signalpistol. Og for å sette eit verdig punktum for dagen, skaut han opp tre rakettar. Dei farga himmelen raud og grøn. Eit utruleg syn! Det var første gongen folket i grenda såg fyrverkeri.

Vi gjekk heim. Brusen som vi hadde spart på, var drukken opp, og dei nye tøyskorne var ikkje kvite lenger.

Den første 17. mai i eit fritt Noreg var til ende.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken