Klokka 11.30 fekk Vest politidistrikt melding om at eit barn var påkøyrt av ein bil i eit fotgjengarfelt i Tonninggata i Stryn.
Barnet var bevisst etter ulukka og fekk tilsyn av ambulanse, melde politiet.
– Då vi fekk inn meldinga, vart det sagt at barnet skal ha sprunge ut på fotgjengarovergangen. No avhøyrer vi vitne og sjåfør for å få klarheit i kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt.
Barnet er køyrd til lokal legevakt for oppfølging.
Rv. 15 vart stengd som følgje av ulukka, men vart opna igjen etter kort tid.
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33