Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder fredag ettermiddag om ein brann i ein einebustad i Selje. naudetatane rykker ut til staden.

Det er observert flammar frå bustaden og det kjem mykje røyk ut taket.

Om det har vore folk i huset då det byrja å brenne er uavklart, skriv politiet, men det er ikkje meldt om personar som er skadde eller sakna så langt.

I 15-tida skal brannvesenet ha fått kontroll på brannen og fått den sløkt. Røykdykkarar har også vore gjennom huset.

Det pågår no utlufting av bustaden, og brannmannaskapet kontrollerer også huset og konstruksjonen.

Firda kjem tilbake med meir.