Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg og familien min har hus i Balestrand, men bur i Bergen. Så vi køyrer jamleg på denne vegen, og kvar gong håpar vi å få eit glimt av desse villgeitene. Dei er så vakre og mystiske og har klart å «re-wilde» seg sjølv, om det no var på den eine eller den andre måten. Og kvar gong må eg og kona mi forklare for barna korleis dette har gått føre seg – ikkje som eit resultat av menneska har planlagt det, men stort sett heilt på eiga hand. Då lærer desse byborna mykje om natur, landbruk og kultur og dei komplekse samanhengane – det er som å køyre gjennom ei fantastisk barnebok.
Dei er òg vandrande og levande bevis på ei tidlegare landbrukskultur – nærare knytt til naturen (openbert) enn i dag. Dei er tidsmaskiner! Og dette er ikkje noko ein kan sjå «on demand» på ei strøymeteneste – vi må følge godt med under køyreturen for kanskje å få auge på dei, også av omsyn til dyra, for ikkje å køyre på dei.
I Balestrand leiger vi òg ut huset vårt til turistar i sommarhalvåret – mange av dei frå storbyar i USA, Kina og andre fjerne plassar, der det å sjå slike halvville dyr og forstå bakgrunnen for kvifor dei er der, verkar ekstremt eksotisk, lokkande og lærerikt.
Det er nett det at dei finst midt imellom dei fastlagde kategoriane som er ein viktig del av attraksjonen med dei – forutan at dei ser ekstremt kule ut!
Mattilsynet tilrår å skyte dei, fordi dei ikkje veit kva anna dei skal gjere med dei. Men dei ser då ikkje det som nett er hovudpoenget: Her skal ein gjere minst mogleg! Kven lir? Ikkje dyra. Genmateriale? Okei, dei ser ut til å ha klart seg bra i 80–90 år. Og skulle dei trenge nye genar, kan ikkje det bli ordna? Vi fraktar jo ulvar til dømes hit og dit for å halde oppe stammar, genmateriale osb.
I staden for å utrydde denne unike attraksjonen, burde Mattilsynet syte for rikeleg med informasjon om stammen, også det at ingen veit heilt korleis dei hamna der dei er. Det burde vere ei heimeside, turistinformasjon, skilting og faktabøker for born burde bli gjevne ut.
Oppretta gruppe for villgeitene i Sogn – fekk over 1000 medlemmar på tolv timar
No må ministeren svare om geitene på Kvist: – Ho kan stoppe dette
Klar beskjed til Mattilsynet: – Spar geitene, bruk heller ressursane på å utrydde kattekoloniane