Politiet har funne endå ein død person i samband med leitinga etter den siste av dei tre som har vore sakna etter ulykka i Tokagjelselva i Kvam.

Politiet vil opplyse meir om funnet på eit pressemøte tysdag ettermiddag klokka 17.30.

Båtulykka skjedde i 21-tida i Tokagjelet i Kvam i Hardanger 24. oktober. Kjell Arne Pedersen (64), Nils Johan Bårdsen (72) og Ruth Wathne (68) var sakna etter å ha vorte teken av straumen i elva.

Den 30. oktober fann leitemannskapa ein omkommen person i elva, og 31. oktober vart det gjort eit nytt funn i Movatnet.