Ein tilsett på fylkeshuset er koronasmitta

EIN ER SMITTA: Ein tilsett i Vestland fylkeskommune med kontor på fylkeshuset på Sandsli i Bergen er smitta av koronaviruset.

EIN ER SMITTA: Ein tilsett i Vestland fylkeskommune med kontor på fylkeshuset på Sandsli i Bergen er smitta av koronaviruset. Foto:

No har tilsette og andre som ein veit har vore i nær kontakt med vedkommande, fått varsel om å nytte heimekarantene.

DEL

Det melder Vestland fylkeskommune på eigne heimesider.

Den koronasmitta har kontorplass i fylkeshuset på Sandsli i Bergen. Fylkesrådmannen er i dialog med aktuelle helsemyndigheiter for å avklare vidare oppfølging av situasjonen.

– Så langt ein kjenner til, har ikkje den smitta personen vore i kontakt med tilfeldige besøkande på fylkeshuset, skriv fylkeskommunen.

Dei ber dei som sit i heimekarantene om å vere merksame på eventuelle symptom på smitte og sjukdom, og kontakte lege ved behov.

Alle samlingar avlyst

Drifta i fylkeshuset vil halde fram som normalt.

– Som eit første grep vert det no sett inn ekstra reinhald og gjennomført desinfeksjon av aktuelle fellesområde. Det vert og gjort nokre tilpassingar i praktiske rutinar rundt matservering i kantina, opplyser fylkeskommunen.

Alle kurs, konferansar og samlingar i regi av Vestland fylkeskommune før påske er avlyst. Tilsette vert også oppmoda om å sjølv ikkje delta på tilsvarande arrangement utanfor fylkeskommunen.

– For fylkeskommunen sin del handlar det også om at vi som ein viktig samfunnsaktør har eit særleg ansvar for å sikre at vi klarer å halde drifta i gang. Difor må vi heile tida planlegge ut frå eit såkalla kontinuitetsprinsipp, forklarer fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Undervisninga ved dei vidaregåande skulane i fylket går som normalt, men fylkesrådmannen og staben følgjer utviklinga nøye i tråd med dei råda som blir gjevne frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken