- Det er ei hending metta med symbolikk, seier Bjarte Kapstad, som filma ein spekkhoggarfamilie som fråtsa i matfatet rett utanfor Vevring i formiddag.
Bjarte Kapstad er glad i turar på Førdefjorden.
- Vi la ut i går etter jobb, og utpå kvelden vart vi liggande nokre båtar og halde ei lita markering på fjorden rett utanfor Vevring, fortel Kapstad som har markert seg som ein ivrig sjødeponi-motstandar.
I formiddag, på veg inn mot Vevring, oppdaga han plutseleg dei fire spekkhoggarane.
- Eg vart med dei eit stykke innover fjorden. Eg prøvde å ikkje forstyrre dei, men plutseleg var dei ikkje meir enn tjue meter unna meg.
- Kva båt har du?
- Det er ein 27-fotar, og den veg vel knapt ein tredjedel av det ein velvaksen spekkhoggarhann veg.
- Var du ikkje litt redd for å være så nær?
- Nei, nei. Eg har vore i kontakt med spekkhoggarar fleire gonger, og eg har aldri opplevd situasjonane som farlege. I fjor sommar hadde eg ein stor spekkhoggar rett under båten, i Gjøringebøvika rett sør for Redalsvika, seier Kapstad. Han fekk seg ein tankevekkar, dagen etter at regjeringa opna for sjødeponi under Engebøfjellet:
- At desse spekkhoggarane kjem tilbake år etter år fortel jo at der er mat å hente, at det er ein fiskerik fjord. Eg synst det var spesielt å få denne opplevinga dagen etter at regjeringa har gjort eit vedtak stikk i strid med tilrådinga frå faginstansane, som er eit trugsmål mot livet i fjorden.