Gå til sidens hovedinnhold

Ein stortingsbenk utan Ap og Høgre?

Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.


På lokalradioen kan vi høyre at stortingsplassen til Ap i Sogn og Fjordane er «bankers» og i førre veke hadde Firda og Firdaposten desse overskriftene: «Duka for nytt ordførarslag i Sunnfjord» og «Olve-ordførar på veg til Stortinget, no er kampen om rådhuset i Førde starta». Min påstand er denne: Annleisvalet 2021 kan resultere i ein stortingsbenk frå Sogn og Fjordane utan representasjon frå dei tradisjonelle styringspartia Ap og Høgre.

Senterpartiet er i medvind over heile landet. Trygve Slagsvold Vedum slepp unna vanskelege spørsmål med lette slagordprega svar, latter og eit folkeleg image, og seglar opp som eit reelt alternativ som statsminister om det skulle bli nytt fleirtal neste haust. Ap-leiar Jonas Gahr Støre får (etter mitt syn ufortent) kritikk fordi han gjer det motsette av Vedum: Prøver å svare og forklare. Veljarane er grundig lei dårleg kommuniserte reformer, kommunesamanslåing, nye fylke – som passar rett inn i Sp sitt narrativ: Distrikta taper, og vi ser ei storstilt sentralisering. Å møte dette med argumentasjon som krev merksemd i meir enn tre minutt er i dagens debattklima nær umogleg. Dette har fleire av oss som ivra for kommunereform og fylkessamanslåing erfart. Difor vinn Vedum terreng.

Samstundes har Raudt posisjonert seg over sperregrensa, og SV gjer det forholdsvis godt. Ap fell mellom fleire stolar, og klarer ikkje å markere seg. Uavhengig av kva du er opptatt av: Ny regjering, solidaritet, miljø – så er det alltid nokon som er flinkare på å profilere dette enn Ap. Så kvifor skal ein då stemme på Ap, og ikkje dei andre som har ein klårare bodskap og tydelegare profil? Ap går rett og slett i same felle som Venstre har gjort over år: Ein er ikkje flink nok til å kommunisere relevant politikk på ein måte som motiverer folk. Når ein så endeleg kjem på er det gjerne med saker som gjer like mykje skade som godt.

La oss så bli litt meir spissa mot Sogn og Fjordane valdistrikt: Få valdistrikt, kanskje med unntak av Troms og Finnmark, er meir distrikt enn Sogn og Fjordane. Om ein bryt ned siste nasjonale måling, slik den anerkjente nettstaden Poll of Polls har gjort, har Sp heile 57,8 % oppslutning i Trivselsfylkjet. Ap har 18,9 % og Høgre 17,1 %. Dette gjev to mandat til Sp, eitt til Ap, medan Høgre ikkje er inne. Det same resultatet, som i tillegg løftar Sp til 58,3 %, får ein dersom ein tek eit snitt av siste månad og bryt det ned til Sogn og Fjordane. Ein må òg ta med at Sp gjorde eit svært godt kommuneval i 2019. Sjølv i Florø, der Sp tradisjonelt har hatt dårleg fotfeste fordi dei demonterte sjukehuset her, selde Fjord1 og alltid har satsa aust i fylket og ikkje langs kysten – sjølv hos oss klarte dei å bli nest største parti i fjor. Veljarane har dårleg minne. (Det siste og fjerde mandatet frå fylket er utjamning, og er vanskeleg å spå.)

Det spanande i 2021 er sjølvsagt med dette bakteppet om Sp kan klare det utrulege å kapre ikkje berre to, men tre direktemandat frå Sogn og Fjordane. Det skal halde hardt, men det kan skje. Toppkandidat Erling Sande er ein røynd, triveleg og dyktig politikar – som ikkje er redd for å vere populist når det trengst. Klarer den sympatiske og lite sjølvhevdande Torbjørn Vereide å treffe distriktsbølga og mobilisere Ap sine kjerneveljarar, eller vil for mange veljarar heller røyste på Sp, Raudt, SV og andre parti som Venstre? Olve Grotle som toppar Høgrelista er i same kategori som Erling Sande, og er utan tvil ein kjempeflink ordførar i Sunnfjord og før det i Førde. Klarer han å verke samlande rundt om i fylket, eit fylke der «alt skal til Førde?» Vil Erna-effekten vere nok? Det blir spanande å sjå.

Den store x-faktoren i fylket er likevel Alfred Bjørlo som venteleg blir toppkandidat for Venstre. Ulikt mange andre i partiet har han gjort svært gode val, sist 36,2 % i Stad i fjor haust (til samanlikning hadde Olve Grotle og Høgre i Sunnfjord 21,3 %). Alfred fekk så mange personrøyster at han suste inn på fylkestinget, og han har ein profil langt utanfor fylket vårt gjennom både politiske verv og evne til å skape virak rundt partiet, saker og seg sjølv t.d. som gjest på Nytt på Nytt. Som ordførar over fleire år i ein mindre kommune enn Olve Grotle, vil han kapitalisere på erfaringa og merksemda, utan at det heftar ved han at han har vore ordførar i «fylkeshovudstaden» som ofte har kome vinnande utav svært omstridd intern sentralisering i fylket. Ein skal heller ikkje undervurdere at det framover mot valet vil bli understreka gang på gang at dersom Erna Solberg skal halde fram som statsminister er det viktig at både Venstre og KrF kjem over sperregrensa. Vil ein ha Erna som statsminister, må fleire Høgre-veljarar røyste Venstre av taktiske årsaker. Det har skjedd før.

Sp styrkar seg fordi motmakt er i tida, og fordi naturleg regjeringsslitasje forsterkar seg med kontroversielle og svakt kommuniserte reformer. Også mellom dei som meiner dagens regjering har klart seg godt, eg sjølv inkludert, er det mange som meiner vår region treng tydelegare talspersonar på Stortinget. Få er vel i tvil om at Alfred Bjørlo evnar å seie ifrå, og det på ein effektiv og kompetent måte. Også mot eige parti og regjering når det trengst. Det talar også for han, og vil venteleg hente veljarar frå alle politiske parti neste haust. Det viktigaste for mange er å få ei tydeleg og kompetent stemme på Stortinget, ikkje kva parti denne representerer. Skal Venstre nokon gong få eit direktemandat frå Sogn og Fjordane er det med Alfred Bjørlo.

Mykje kan endre seg med ni månader att til valet. Eitt er likevel sikkert: 2021 blir eit spanande politisk år der ingen skal ta noko for gitt.

Les også

Sogn og Fjordane kan ende opp med rein mannsbenk på Stortinget

Les også

Kvifor kjem ikkje kvinnene tilbake til Bygde-Noreg – her vi har det så bra?

Les også

Kven skal rocke distrikta?

Les også

Arbeidarpartiet sitt forsøk på distriktspolitikk er endå eit steg inn i skoddeheimen

Kommentarer til denne saken