Gå til sidens hovedinnhold

Ein person smitta i Askvoll

Torsdag fekk Askvoll kommune eit nytt stadfesta koronatilfelle i kommunen.

Dette opplyser dei på sine eigne heimesider.

Vedkommande er i heimeisolasjon og nærkontaktane er i karantene. Det er til saman ni nærkontaktar, seks av dei er heimekøyrande i Askvoll kommune.

Kommunen oppfordrar personar som har vore på treningsrommet i Atløy kulturhus frå 15.–17. februar til å følge med på eigne symptom.

Les også

Ny virusvariant oppdaga i Noreg – kan vere meir smittsam

Les også

18 nye tilfelle av muterte virus i Bergen

Kommentarer til denne saken