Ein person smitta av korona i Gloppen

Det melder kommunen fredag føremiddag.

DEL

Status for Firda sine dekningskommunar per. 20 mars klokka 11.00:

  • Sunnfjord kommune: Sju smitta.
  • Gloppen: Ein smitta. 54 testa, 51 har fått negativt prøvesvar og to ventar på svar.
  • Fjaler: Ingen har fått påvist smitte.
  • Askvoll: Ingen har fått påvist smitte.
  • Kinn: Ingen har fått påvist smitte.
  • Hyllestad: Ingen har fått påvist smitte.
  • Høyanger: Ein smitta. Ni prøvar vart tekne 18. mars, og alle var negative.

Solund har eitt smittetilfelle, medan Gulen rapporterer om null smittetilfelle.

Totalt er det no 23 personar som er smitta av viruset i Helse Førde sitt område. Ingen er innlagde på sjukehus.

Per 19. mars klokka 22.15 sit 94 av totalt 3000 personell i helseføretaket i karantene.

Saka blir oppdatert fortløpande.

Artikkeltags