Gå til sidens hovedinnhold

Ein person omkom etter trafikkulykke i Årdal

Onsdag kveld melde Vest politidistrikt om ei trafikkulykke i Finnsåstunnelen på Fv. 53 i Årdal.

Ein bil skal ha køyrt inn i tunnelveggen. Rett før midnatt kunne politiet bekrefte at ein person er omkommen.

Den omkomne er ein mann i 20-åra, og han var aleine i bilen.

Årsaka til ulykka er ikkje kjend for politiet torsdag morgon.

Dei næraste pårørande har fått beskjed, og kommunen sitt kriseteam er varsla.

Les også

Bil har køyrt i tunnelveggen i Årdal. Førar sat fast i bilen