Ein person koronasmitta i Stad kommune

Den andre som vart påvist smitta av covid-19 fredag kveld, er frå Stad kommune. Det opplyser ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

DEL

– Personen var allereie i heimekarantene då prøva vart tatt, på grunn av nærkontakt med tidlegare stadfesta smitta gjest frå Bergen i samband med konfirmasjon.

Det skriv Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune, om innbyggaren som no er påvist koronasmitta.

Prøven er tatt torsdag 10. september og prøvesvaret kom seint fredag kveld. Etter at prøvesvaret kom har personen gått frå å vere i heimekarantene til å vere i heimeisolasjon.

Kommuneoverelgen følger opp vidare smittesporing. Nærkontaktar vil bli kontakta og sett i karantene. Det er så langt ikkje påvist andre positive testar i samband med dette arbeidet. Det er heller ikkje andre positive prøvar i Stad kommune denne veka.

– Med det ein veit no, er det ikkje mistanke om smitte inn mot barnehagar, skular eller arbeidsplassar i kommunen. Drifta vil gå som normalt, skriv Bjørlo.

Fredag vart det for tredje dag på rad registrert koronasmitte i Helse Førde sitt område. To personar vart påvist smitta. Den andre som fekk påvist smitte fredag kveld er frå Sunnfjord kommune.

Artikkeltags