Ein person koronasmitta i Gulen

Vedkommande testa positiv etter prøve tatt på Flesland.

DEL

– Eg fekk beskjed om smittetilfellet i dag, seier Hallvard Oppedal, ordførar i Gulen kommune.

Tysdag ettermiddag opplyste kommunen på sine eigne heimesider at dei har fått påvist eit smittetilfelle i kommunen. Det skal vere ein utanlandsk arbeidar som har testa positivt etter test på Flesland lufthamn i Bergen.

– Han vart sett i karantene etter at han tok testen, seier Oppedal.

Det var NRK Vestland som først meldte om smitten.

I isolasjon

Vedkomande er tilsett hjå bedrifta Norva24 Birkeland, og kom til Noreg frå Slovakia, skriv Porten.no. Det stadfestar bedrifta også sjølv på si Facbook-side tysdag.

— Personen og selskapet har fulgt smittevernslovgjeving på alle måtar og personen har vore i karantene sidan han kom til landet laurdag 5 september. Kommunelegen i Gulen kommune vart umiddelbart kopla inn og alle relevante tiltak sett i verk, skriv avdelingdirektør ved Norva24 Birkeland, Kenneth Birkeland.

Han strekar under at den tilsette ikkje har vore i kontakt med andre sidan han kom til Noreg, og at han sit i isolasjon i Sløvåg.

Ikkje vore i arbeid

Ordføraren slår fast at vedkommande ikkje har vore i arbeid i Gulen medan han var smitta.

– Personen vart sett i isolasjon med ein gong den viste positivt.

Oppedal meiner arbeidaren sit i isolasjon i kommunen, men han veit ikkje korleis vedkommande har komme seg frå Bergen til Gulen.

– Det veit eg ikkje. Beskjeden eg har fått er at vi har god kontroll på smittesporinga, seier han.


Artikkeltags