Gå til sidens hovedinnhold

Ein nyttig idiot og enda ein

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Ein skal lese mykje før augo dett ut. Professoren som veit meir enn dei flest om folkehelse, livsstil og overvekt fekk hakeslepp då han studerte Førdepakken som skreve står i lokalavisa Firda 2. desember.

Journalisten spør «Kva meiner du om aksjonen mot Førdepakken?» Den lærde svarar: ….«Det er bra folk engasjerer seg. Samtidig syns eg det er litt einsidig negativt. Dei er aktivistar og jobben er å fremje eitt syn. Då blir det ikkje så balansert, det blir vel mykje «elendigheitsskildringar»».

Dette var nok eit døme på eit demagogisk tjuvtriks.

Eg spør tilbake: Kva for aksjon er det dei snakkar om? Det kan ikkje vere vår aksjon som vi har kalla FramtidsFørde. Vi er ikkje imot Førdepakken, berre delar av han. Har professoren lest vår appell?

Gang- og sykkelvegar er ingen imot. I alle høve ikkje vi i FramtidsFørde og ingen andre eg kjenner.

Europeiske trendar. Han seier at Førdepakken er veldig nederlandsk og smart. Skal han ha oss til å tru at nederlandske lokalpolitikarar legg sine gjennomfartsvegar gjennom sentrum?

Professoren kjenner tydeligvis det paddeflate landet der mykje betre enn eg. Det vil vere fint om han kan gje oss døme. Hos oss vil det nok koste meir og ta lengre tid, men det som ville vere smart var å bore hol i fjellet.

Professoren er innom Paris. Vi kan i media lese at også der er bilismen i sentrum på vikande front mot mjuke trafikantar. DET er ein trend overalt, berre ikkje i Førde.

Ein nyttig idiot er enda nyttigare når han kan titulerast professor.

Den andre nyttige idioten ser ut til å vere ein ung journalist som opplyser meg om at han var tipsa av redaktør Pedersen.

Les også

– Førde treng ei vakker gangbru mellom Førdehuset og Hafstadparken

Les også

Kunstnaren: – Kommunen har ikkje utnytta potensialet

Les også

Laks eller idrett?

Kommentarer til denne saken