Gå til sidens hovedinnhold

Ein ny smitta i Sunnfjord

76 prøver vart analysert søndag.

Helse Førde analyserte 76 koronaprøver søndag, og blant dei var det ei prøve som var positiv for korona

Den positive prøva vart teken i Sunnfjord kommune, men det betyr ikkje at pasienten bur i kommunen.

Det er ein pasient som er innlagd med korona. Vedkommande får ikkje intensiv behandling.

Førre veke vart det til saman analysert 1566 prøver av Helse Førde, fire av prøvene var positive.

Dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men berre resultat frå dei prøvene som blir analysert hos dei.