Ein ny smitta. Helse Førde har analysert 273 nye koronaprøvar

DEL

Torsdag analyserte Helse Førde 273 koronaprøvar. Av dei var ei prøve positiv.

Det er så langt ikkje kjent kvar den smitta er busett.

Dei siste tre dagane har det vore avdekt ein ny smitta kvar dag. Sist helg vart det også registrert tre nye tilfelle av Covid-19. Totalt har altså prøvane analyserte hos Helse Førde vist 6 nye smitta den siste veka.

Helse Førde opplyser at tala dei presenterer på sine heimesider ikkje nødvendigvis er endelege tal for Helse Førde sitt område. Prøver teke i området til Helse Førde kan verte analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken