Av dei 143 koronatestane som vart analyserte i Helse Førde laurdag, vart eit nytt positivt tilfelle av covid-19 avdekka.
Det opplyser helseføretaket på sine sider søndag klokka 10.
Dette er den 14 dagen på rad at det er stadfesta koronasmitte i Helse Førde sitt område.
Helseføretaket opplyser at tala dei presenterer på sine heimesider ikkje nødvendigvis er endelege tal for Helse Førde sitt område. Prøver teke i området til Helse Førde kan bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.