Gå til sidens hovedinnhold

Ein mista lappen og tre måtte punge ut på E39

Artikkelen er over 1 år gammel

Høgaste farta vart målt til 88 km/t. Det gjorde at føraren måtte sjå lappen ryke.

I tidsrommet 20.30 til 22.00 måndag kveld hadde politiet ein fartskontroll i 60-sona på E39 ved Ålhus i Jølster.

Ein av dei som blei tatt i 60-sona blir fotgjengar ei stund. Personen køyrde i 88 km/t.

I tillegg vart tre andre tekne i hastigheiter over fartsgrensa under kontrollen. Desse vart alle tildelt kvart sitt forenkla førelegg.

Les også

Politiet leitar framleis etter gjerningspersonen etter bilulykka på Tefre

Kommentarer til denne saken