Gå til sidens hovedinnhold

Ein mista lappen og 21 fekk bot på E39

Tysdag hadde UP fartskontroll på E39 ved Skei. Kontrollen vart halden i ei 60-sone.

Under kontrollen var det fleire som måtte punge ut. 21 personar fekk forenkla førelegg grunna for høg fart. Den som hadde høgast fart køyrde i 81 kilometer i timen.

I tillegg vart det delt ut to forenkla førelegg for mobilbruk og to gebyr for manglande bilbelte.

Ein mann i 50-åra frå Austlandet blir fotgjengar ei stund. Han fekk kverrsett førarkortet etter å ha køyrt i 72 kilometer i timen. Han hadde då for mange prikkar i førarkortet sitt.