Gå til sidens hovedinnhold

Ein leksjon i slett utkantstrategi

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det var mange som sperra opp auga, då det vart kjent at Sunnfjord Kommune skulle gjennomføre endringar og kutt i skulestrukturen, som fylgje av den nye skulestrukturplanen. Intensjonsavtalen mellom dei gamle kommunane fastslo at førstelinetenestene, som skule, skulle liggje “der dei er no”. Eit vern om desse tenestene var klart nok ein sentral faktor for aksepten av kommunesamanslåinga.

At dette skulle vere evigvarande var det vel ingen som trudde, men kutt i dei sensitive skuletenestene burde vere reservert til tilfella der det ikkje er andre postar å kutte. Detaljane kring lønningspolitikken i Sunnfjord kommune er vel eigna til å så tvil om vi er komne dit no. Å starte med endringar i skulestrukturen, framstår difor som forhasta og bakvendt. Dette er ikkje staden for å setje inn støtet for innsparingane.

På Viksdalen var vi difor mange som reagerte med vantru, då det vart klart at flytting av ungdomstrinnet vårt var blant tiltaka administrasjon ville fremje. Dei mange kampane kring dette i gamle Gaular Kommune, har vel vist at motstanden er sterk på dette punktet. Argumenta mot er også minst like gjeldande no. Den potensielle skulevegen om Matbjøra er særs rasutsett, noko ein jamnleg får bevist. Samstundes vil denne lange skulevegen føre til ei reiselengde utover det anbefalte, og ikkje minst forsvarlege, for nokre av elevane. Alt dette har administrasjonen oversett.

Nedlegginga er derimot grunngjeven i omsynet til lærarane, og deira faglege fellesskap. På Viksdalen har vi derimot hatt særs god rekruttering av nyutdanna og dyktige lærarar dei siste åra, som har uttalt høg trivsel. Dette har bidrege til å vidareføre og styrkje det nære og fruktbare undervisningsmiljøet på skulen, som elevane tydeleg set stor pris på. Å leggje ned ungdomstrinnet, der dette er særskilt viktig, talar mot fornufta.

Vidare peikar administrasjonen på det framtidige elevtalet. No er det slik, som administrasjonen sjølv peikar på, at dette vil stige på kort sikt. Lenger fram er trenden noko nedadgåande, men usikkerheita desto større. Her kan tala fort snu, og tilflytting kjem gjerne i bølgjer. Då må derimot tilhøva liggje til rette for det. Ei nedlegging av ungdomstrinnet vil ikkje vere ei tilpassing av synkande elev- og folketalsutvikling, men snarare ei realisering. Dette fylgjer same logikken som der ein bonde vel å fokusere gjødslinga til halvparten av innmarka, fordi han trur sommaren blir kald. Det er klart at avlinga blir deretter.

Samstundes vert det lagt opp til innsparingar utover kuttkravet i fase 1 av planen, der tiltaket er fremja. Ei nedlegging av ungdomstrinnet vårt framstår ikkje berre som utan tilstrekkeleg grunnlag, men også som unødig. Her må politikarane ta stilling til kva utkantstrategi dei ynskjer å føre. Som ung viksdøling veit eg alt om kor viktig skulen og ungdomstrinnet er for utviklinga av ungdommane her, og bygda som heilheit. Knappe eitt år etter kommunesamanslåinga har vi her fått oppleve framlegg om nedlegging både av bibliotektenesta og no ungdomstrinnet. Det framstår difor som Sunnfjord Kommune har gjeve opp bygda og utkantane. Vi håpar inderleg politikarane veit å motbevise dette.

Les også

Desse tre Sunnfjord-skulane vil dei legge ned for å spare ti millionar kroner

Les også

Randi (39): – Vekstambisjonar står ikkje i stil med nedlegging

Les også

Klakegg: – Førde har ni skular. Så begynner ein å plukke skular i distrikta først. Det er elefanten i rommet

Kommentarer til denne saken