Ein lastebil og to personbilar har krasja på E39 i Jølster

FLEIRE BILAR: To personbilar og ein lastebil har vore invoverte i ei ulykke ved Årdal i Jølster.

FLEIRE BILAR: To personbilar og ein lastebil har vore invoverte i ei ulykke ved Årdal i Jølster. Foto:

Alle naudetatar har rykt ut. Vegen er stengt.

DEL

– Det har vore ein kollisjon mellom ein lastebil og ein personbil ved Årdal i Jølster. Ulykka skal ha skjedd på E39, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Dei fekk melding om ulykka klokka 14.15.

Han seier dei så langt ikkje veit kor mange som var i bilane, om dei er skadde eller kor skadde dei eventuelt er.

– Vi har fått melding om store materielle skader, seier Halleraker.

Klokka 14. 35 er politi, brann, og ambulanse komne fram til staden,

– Det er ukjent kor mange personar som er involverte i ulykka, og skadeomfanget er også ukjent så langt, melder Vest politidistrikt.

Alle personane skal i følge opplysningane poltiiet har fått vere bevisste.

E39 var lenge stengt som følge av ulykka. Klokka 15.20 begynte politiet å dirigere trafikken forbi.

KØ: Det har danna seg lange køar på E39 etter at ei trafikkulykke ved Årdal i Jølster førte til stengt veg.

KØ: Det har danna seg lange køar på E39 etter at ei trafikkulykke ved Årdal i Jølster førte til stengt veg.

Artikkeltags