Ein lastebil køyrde ut i ein sving mellom Dale og Askvoll

DEL

Klokka 10.55 måndag melde Vegtrafikksentralen at fv. 609 på Helleset mellom Dale og Askvoll ville bli stengd i ca. ein time grunna bilberging.

Klokka 11:40 fortalde operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest Politidistrikt at ein patrulje er på staden i lag med bilbergar.

– Dei ventar no på endå ein bergingsbil, ettersom dei måtte vere to for å få traileren opp av vegen. Den har ikkje velta, men berre køyrt ut.

Hausvik veit ikkje noko om årsaka til ulykka, men seier at det ikkje er noko melding om personskade.

– Vi får sjå om det blir oppretta sak når patruljen er ferdig der.

Klokka 12.20 var vegen open igjen for fri ferdsel.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken