Ingunn Kjelstad i Motvind og Ytre Sogn sette kaffien i halsen då ho las på Firda julaftan at Torbjørn Vereide er for vindkraftprosjektet i fjella mellom Høyanger og Sunnfjord.

Det kom fram måndag før jul at Hydro og Eviny planlegg eit vindkraftverk med 50 250 meter høge vindturbinar i fjellområdet mellom Høyanger og Sunnfjord.

– Spør du meg, seier eg ja til vindkraft. Vi må sjå på fordelane det kan skape lokalt, sa Vereide om prosjektet, og la til:

– Eg kunne sikkert ha sagt noko populistisk og seie blankt nei til vindkraft. Det hadde sikkert vore enklare, og eg hadde sikkert fått mykje skryt og klappar på skuldra for det. Men eg er folkevald for å gjere det eg meiner er best for samfunnet.

Men dette rimar veldig dårleg med det han sa på eit folkemøte i Viksdalen 8. august i fjor, rett før stortingsvalet, seier Ingunn Kjelstad, som har det heile på video.

«Eit klart og rungande nei»

I ein tale til dei frammøtte sa Vereide då m.a. at «La meg berre begynne med å seie det klart og tydeleg, vindkraftprosjekt: Der skal vi lytte til kva lokalbefolkninga seier og kva dei lokale kommunestyra seier, og her, når eg kjem hit, så kjem eg ikkje aleine og blant dykk har eg sett Arild Horsevik, Laila Oppedal, Ove Farsund, Helge Robert Midtbø og Petter Sortland, som alle er tydelege stemmer for desse lokale områda, og alle er tydelege stemmer for at akkurat her, så seier vi eit klart og runganes nei til vindkraftprosjekta

Litt seinare i talen gjentek han: «Eg ønskjer iallfall å seie det klart og tydeleg: Her, ifrå Viksdalen til Høyanger og sør for Sognefjorden, så er det eit klart og rungande nei.»

Talen Vereide heldt på folkemøtet i Viksdalen kan du sjå her:

Sjå Torbjørn Vereide tale til folkemøtet i Viksdalen:

– Når han då kjem no og seier at han er for vindkraft, så er det eit klart løftebrot samanlikna til det han sa før valet. Ein kan jo ikkje stole på han, seier Ingunn Kjelstad, som var møteleiar på folkemøtet.

Ho meiner å sjå eit mønster i medieutspela den siste veka:

–Det heile verkar som ein samordna kampanje frå toppen av Ap, LO og Hydro, med hastverk og tungt skyts for å påvirke politikarane lokalt, seier Kjelstad.

– Det Vereide sa i valkampen gjorde nok at mange stemte på han, som vindkraftmotstandar. Og så, plutseleg, snur han. Det at Vereide lar seg bruke til dette vitnar om hans innstilling til demokratiet, seier Kjelstad.

Vereide hugsar det godt

Vereide hugsar folkemøtet i Viksdalen veldig godt:

– Ja, eg har sagt til folk i Motvind som eg har møtt at eg er veldig klar over møtet, i og med at eg var der.

Men det har skjedd mykje nytt sidan den gong, seier Vereide:

– Eg kan ikkje seie kva andre folk kunne sjå i krystallkula si, men eg var i alle fall ikkje då klar over at det skulle bli krig i Europa og nedgangstider og forferdelege straumprisar. Perspektivet mitt på energipolitikk har endra seg etter kvart som eg har sett kor knusande energiprisane er blitt for vanlege folk.

– Men du var relativt klar i dine uttalar på folkemøtet?

– Ja, det var det eg meinte då. Men når det blir så vanvitig krevjande som det er blitt, så er det ein heilskap som gjer at eg personleg har måtta revurdere mitt standpunkt.

– Og så må eg få med at den eine tingen eg har sagt heile tida, gjennom valgkamp, landsmøtearbeid og i stortingsgruppa, det er at desse vurderingane skal ligge til lokaldemokratiet. Slik at kor enn viljen går lokalt, så er det det eg kjem til å jobbe etter. Det vil eg halde fast ved, uansett kva meiningar eg sjølv har om det. Det er eit standpunkt eg håpar også Ingunn Kjelstad og Motvind vil respektere.