Ein har fått påvist smitte, seks personar i karantene i Sunnfjord

TRAVEL MANN: Legevaktsjef og kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes.

TRAVEL MANN: Legevaktsjef og kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes. Foto:

Ein person fekk måndag påvist smitte av koronaviruset SARS-CoV-2 .

DEL

Totalt 14 personar i Sunnfjord kommune har blitt testa for viruset. Åtte av desse har testa negativt på prøvene, men måndag ettermiddag melder NRK Vestland at ein person har testa positivt i Sunnfjord kommune. Den smitta har vore på ferie i Nord-Italia.

Kommuneoverlege Øystein Furnes seier det sit seks personar i karantene. Nokre av desse sit i rutinemessig karantene fordi dei har vore i område med vedvarande smitte, og nokre ventar på svar på prøver.

Tyrol og Nord-Italia er risikabelt

Folkehelseinstituttet held løpande oversikt over kva område i verda som reknast som risikofylte når det gjeld koronasmitte.

– Det er først og fremst Kina som reknast som eit slikt område. Men i Tyrol og Nord-Italia er det også mykje smitte. Det same i Japan og Korea, seier Furnes.

Dei aller fleste av dei som er smitta har vore i Nord-Italia, det er også der døyelegheita er størst. Aftenposten melder at i Italia, per søndag kveld, hadde heile 4,9 prosent dei som fekk sjukdomen Covid-19 døydd.

– Det har komme rapportar om foruroligande høg døyelegheit i Italia, seier Furnes og legg til at dei bur seg på det verste men håpar på det beste.

Ikkje generell smitte i Norge

Instruksen frå myndigheitene her heime er at kommunehelsetenesta skal planlegge for at 25 prosent av befolkninga kan verte smitta over ein periode på to til tre månadar.

Furnes understrekar at det ikkje er generell smitte i Norge, og at risikoen ikkje vert vurdert som særleg stor.

I Bergen er det restriksjonar på store forsamlingar, men dette er førebels ikkje innført i Sunnfjord.