Tre personar var natt til søndag involvert i eit slagsmål utanfor Circle K i Florø. Politiet fekk meldinga om slagsmålet 0216, og rykka ut.

–Ein person var slått i andletet, og blei køyrd til legevakta av politiet, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest Politidistrikt.

Ifølge ho var det tre menn, ein mann i 20-åra og to på 18 som var involverte i slagsmålet.

Ho fortel at alle dei tre personane vart vist bort med pålegg frå politiet om halde seg vekke frå sentrum.

– Ein av personane blei køyrd til legevakta, så må han sjølv melde forholdet i etterkant, seier Mjelde.