Ein bil køyrde i fjellveggen i Frudalstunnelen

TRAFIKKULYKKE: Frudalstunnelen mellom Sogndalsdalen og Fjærland er stengd grunna ei trafikkulykke inne i tunnelen. Bildet er frå Frudalen klokka 17.07.

TRAFIKKULYKKE: Frudalstunnelen mellom Sogndalsdalen og Fjærland er stengd grunna ei trafikkulykke inne i tunnelen. Bildet er frå Frudalen klokka 17.07. Foto:

DEL

Klokka 16.50 måndag melde Vegtrafikksentralen at dei har stengd Frudalstunnelen på rv. 5 i Sogndal grunna eit trafikkuhell.

– Det er ein bil som har køyrt i fjellveggen inne i tunnelen. Det skal ikkje vere snakk om personskade, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt, som fekk inn meldinga om ulykka klokka 16.44.

Politiet var på staden like før klokka 17.30 og opplyste at førar av bilen var ikkje skadd. Då vart det også bestilt bilbergar.

Det er forbipasserande som har meldt frå om hendinga. Bilen stod i vegbana og var til hinder for trafikken, difor vart tunnelen stengd inntil vidare.

Det danna seg kø på begge sider av tunnelen som følgje av ulykka.

Trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad hos Vegtrafikksentralen sa til Firda at dei ikkje kom til å opne tunnelen før bilbergar hadde fjerna køyretøyet.

Klokka 18.43 melde Vegtrafikksentralen at tunnelen var open att.

Artikkeltags