Eikefettunnelen: – Ein stor del av fjellveggen har rast ut

RASA NED: Eikefetttunnelen er stengt i morgontimane torsdag etter at stein raste ned.

RASA NED: Eikefetttunnelen er stengt i morgontimane torsdag etter at stein raste ned. Foto:

Eikefettunnelen på E39 var stengd etter steinras.

DEL

Natt til torsdag raste det ut stein i Eikefettunnelen på E39 i Alver kommune.

Eikefettunnelen er den lengste tunnelen på E39 mellom Sunnfjord og Bergen. Dagleg passerer over 2000 bilar gjennom tunnelen.

Vegtrafikksentralen opplyste klokka 04.29 at tunnelen blei stengt. Det blei den fram til det hadde vore mannskap på staden.

– Det ser ut som ein stor del av fjellveggen har rast ut og blitt pulverisert, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til Bergensavisen.

Klokka 06.25 opplyste vegtrafikksentralen at vegen var opna att.

Artikkeltags