Eigenkapitalen til kommunalbanken blir auka med 750 millionar kroner

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) og regjeringa aukar eigenkapitalen til Kommunalbanken med 750 millionar kroner.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) og regjeringa aukar eigenkapitalen til Kommunalbanken med 750 millionar kroner. Foto:

Av

Regjeringa spyttar inn 750 millionar kroner for å auke Kommunalbankens eigenkapital. Slik skal kommunane få hjelp med å refinansiere lån som snart forfell.

DEL

− Vi ventar at utgiftene til kommunane vil auke i perioden vi no er inne i, samtidig som inntektene vil svikte. Eg har vore tydeleg på at regjeringa og staten skal stille opp for kommunane i denne ekstraordinære situasjonen, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Astrup seier det førebels er umogleg å talfeste dei økonomiske konsekvensane koronakrisa vil få for kommunane. Dette vil han difor komme tilbake til i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Koronakrisa har ført til stor uro i finansmarknadene. Fleire kommunar finansierer investeringar i verdipapirmarknaden, men slit med å refinansiere lån som snart forfell.

Fram til juni forfell verdipapir som er utskrivne av kommunane til ein verdi av totalt 37 milliardar kroner.

– Regjeringa legg no til rette for at Kommunalbanken kan overta refinansieringa av ein stor del av gjelda til kommunane, seier Astrup.

– Slik kan dei hjelpe kommunane med å handtere gjeldsforpliktingane i tide, samtidig som uroa i kapitalmarknaden ikkje blir forsterka ytterlegare, seier han.

(©NPK)

Artikkeltags