Eigendelen i kompensasjonsordninga for bedrifter blir halvert

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland på regjeringas pressekonferanse om koronasituasjonen måndag.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland på regjeringas pressekonferanse om koronasituasjonen måndag. Foto:

Av

Eigendelen for bedrifter blir halvert frå 10.000 kroner til 5.000 kroner i regjeringa si kompensasjonsordning for å hjelpe fleire små bedrifter.

DEL

Regjeringa vurderer no om det er behov for at ordninga skal forlengjast, eller om den eventuelt skal erstattast av ordningar som i større grad har insentiv til arbeid og aktivitet, opplyste justisminister Monica Mæland (H) på pressekonferansen til regjeringa måndag.

Kompensasjonsordninga for april månad opna fredag, og regjeringa har gjort fleire endringar.

Bedrifter kan få gåver for inntil 3.000 kroner per månad utan at det skal inkluderast i omsetninga, og dyrefôr og lønn for stell av dyr blir inkludert for bedrifter som driv tenesteytande verksemd der levande dyr er ein del av tenesta, sa Mæland.

Sesongbedrifter vil få ein eigen utrekningsmodell for kompensasjon frå mai, og dei vil få etterbetalt den ekstra kompensasjonen dei skulle hatt for mars og april når dei søkjer i mai, opplyste ho vidare.

(©NPK)

Artikkeltags