Då Arild Gjervik kjøpte «Demmahuset» i Stongfjorden i 2010, tok han sikte på å bli gammal i den gamle damvaktarbustaden frå 1908.

No er det berre småpinnar, gamle kvitevarer og sjølve grunnmuren som står att av det som skulle bli den nye bustaden hans.

Då Gjervik bestemte seg for å kjøpe det lokalhistoriske bygget, visste han at bygget hadde nokre småfeil som måtte utbetrast.

Skulle sjekke isolasjon
Kor mykje ekstra trøbbel som skulle følgje med på huskjøpet, hadde han inga aning om.

- Eg skulle sjekke isolasjonen under kjøkkengolvet, fordi gangen, badet og kjøkkenet var einaste romma utan kjellar, seier Gjervik.

Han fann då raskt ut at huset ikkje var så oppussa som det var gitt inntrykk av av seljar.

- Halve isolasjonen låg losna på bakken, alle bjelkar var ròtne, og det var ingenting som heldt det oppe, seier Gjervik, som oppdaga at det som var kalla oppussing, i røynda berre var å skjule ròteskadane.

Vidare fann han også ut at golvet og veggene måtte rivast, fordi tilstanden var like galen der.

- Men eg var framleis innstilt på at dette skulle gå greitt, seier han.

Mista heilt motet
Neste steg var å sjekke taket, og fagmannen Gjervik leigde inn, avdekte då raskt at også her måtte det utskiftingar til.

Men det stoppa ikkje der, for mens delar av taket var fjerna, kom eit forferdeleg regnvêr, og vatnet fossa inn i romma som i utgangspunktet var greie.

- Då miste eg heilt motet, seier Gjervik, som då bestemte seg for å rive heile huset.

August 2011 fekk han løyve, men først i tida etter påske er Demmahuset jamna med jorda.

- Han som reiv huset for meg, hadde tenkt å bruke det som ved, men fortalde at det ikkje var brukande. Det var noko av det verste han hadde sett, og han har rive ein del, seier Gjervik.

Han hadde attpåtil ein lang saksgang med seljar i forliksrådet, grunna feila han fann etter kjøpet, og etter mykje om og men, kom partane til slutt til einigheit, noko som dekte ein del av utgiftene hans.

Vil byggje nytt hus
Gjervik legg ikkje skjul på at han har tapt tid og pengar på prosjektet, mest grunna at forsikringsselskapet var lite villig til å kompensere han for tapa.

- Det grunngav dei med at eg ikkje hadde toppforsikring, noko som er ironisk, for det ville dei ikkje gi meg i utgangspunktet, seier Gjervik.

Heilt sidan han flytta ut frå sin tidlegare bustad i Stongfjorden, i september 2011, har han budd i ei tidlegare turisthytte.

Får han velvilje hjå banken, vil han setje opp nytt hus på nøyaktig same stad.