Fleire og fleire byttar ut målingsspann med vaskeklut når rekkverket på verandaen skal behandlast, for trenden med glas og aluminium er kommen for å bli.

- Trenden med store glasflater er no blitt tilgjengeleg også for privatpersonar og dette ser ein oftare også på rekkverk rundt om kring. Det har truleg vore eit ønskje i mange år frå forbrukarane si side, men det er først dei siste åra at nye løysingar har komme til, slik at det er mogleg for dei fleste, fortel Asbjørn Harkestad ved Glasmeister John Holvik AS.

Det er ikkje berre trendane som gjer at folk vel vekk treverk.

Likar ikkje å måle
- Ein stor grunn er nok at det ikkje er så mange som er glad i å måle. Med rekkverk av tre må ein gjere dette annakvart år, men med glas og aluminium slepp ein unna med ei fille og vaskemiddel av og til, smiler Harkestad.

Rekkverket av tre er ein tradisjon i Norge og er nytta i dei fleste private hus. Byggmeister Tore Farsund leverer berre i tre, har tre heime, men skulle av og til at ønskje han ikkje hadde det.

- Det er eit mareritt å grunne. Eg har absolutt fått auga opp for glasfasadar. Det er fint når ein kan sitje på verandaen og sjå ut. Ein sperrar seg sjølv inne med dei tradisjonelle rekkverka og eg har byrja anbefale glas når eg har høve til det, fortel Farsund.

Trendar innan trerekkverk
Mange vel likevel treverk og også her er det trendar.

- Ein ser meir ståande rekkverk no, dette har mykje med sikkerheit ovanfor ungar å gjere, då dei ikkje har noko å stå på når sprossene er loddrette. Elles vil fleire og fleire ha meir luft og opne løysingar slik at ein ikkje stenger seg inne, fortel han.

Han meiner at glas slett ikkje treng bryte med det tradisjonsrike og naturlege som mange nordmenn er glade i.

Heller tvert om. Glaset kompletterer treverket som er på resten av fasaden og får det til å komme betre fram. Eg er sikker på at dette er komme for å bli. Det einaste er at prisen er stiv i forhold til vanleg rekkverk, opplyser han.

Det finst mange ulike typar rekkverk både i tre og glas. Prisen kan variere stort frå jobb til jobb. Ved dei forhandlarane Firda undersøkte med var prisen på glas og aluminium om lag tre til fire gongar høgare enn treverk.